Forliset: Havbryn M-48-HØ

Fiskebåten «Havbryn» fotografert i februar 1942.

 
 

Ei av dei største ulukkene under krigen var forliset til Havbryn, M 48 HØ. Båten var heimehøyrande på Moltustranda og hadde hovudsakleg mannskap frå indre delen av kommunen. Båten hadde i 1941 vorte forlenga og ombygd, og var i 1943 ein moderne fiskebåt.

Tekst: Magnar Hjertenæs | Foto: Andreas A. Berge

Frå 1941 var det Paul N. og Rasmus N. Moltu som eigde Havbryn. På denne turen i 1943 var begge to med, saman med to av sønene til Paul, Nikolai (1916) og Åsmund (1927). I tillegg var mannskapet sett saman av Alfred og Lars J. Hide, Petter Tarberg, Nikolai B. Nilsen og Jakob Sandanger (var frå Gjerdsvika i Sande kommune).

Mannskapet på Havbryn. Frå venstre mot høgre ser ein øvst: Rasmus N. Moltu, Åsmund P. Moltu, Paul N. Moltu, Nikolai P. Moltu og Jakob Sandanger (frå Gjerdsvika). På venstre side er det brørene Lars Hide (øvst) og Alfred Hide og på høgre sida Nikolai Nilsen (øvst) og Petter Tarberg.

Gjekk på ei mine

I februar 1943 var båten på sildefiske utanfor Solund, og hamna i avsperra området mellom Holmen grå og Utvær. Det har vore rekna som sannsynleg at vanskelege straumtilhøve og den mangelfulle fyrbelysninga på kysten førte fartøyet inn i område. Dette veit ein skjedde om lag samstundes med minst 2 andre fartøy. Desse klarte å kome seg unna ved å kutte seg fri frå reiskapane, etter at miner hadde eksplodert i garnlenkene.

Alle dei 9 om bord på Havbryn omkom då båten denne natta til 5. februar 1943 gjekk på ei mine.

Den yngste om bord var Åsmund, sonen til Paul. Han var født 10. mai 1927 og var framleis berre 15 år då han døde. Lars J. Hide var gifta seg i 1940 med Elida Olavsdatter Moltumyr og hadde ein son, Arthur, født i august 1942. Petter Tarberg var gift med Hanna Knutsdatter Håvik. Ho sat igjen med ein stor barneflokk der yngste jenta, Asbjørg, var berre 11 år gammal.

Rasmus N. Moltu og kona Elise Knutsdatter Moltu saman med døtrene Annfrid (1927) og Joveig (1931). Bilete er tatt i august 1942.

Bilete av Åsmund P. Moltu tatt i juni 1942.

Bauta til minne om dei omkomne

I dei første åra etter krigen vart det sett opp bautasteinar ved alle dei tre kyrkjene i Herøy, med namna til dei som omkom i krigshandlingar. Alle dei 8 frå Havbryn som høyrde til i indre delen av Herøy kommune, fekk namna sine på minnesteinen ved Indre Herøy Kyrkje. Steinen vart avduka 18. juli 1948, og det er seinare lagt ned krans ved steinen kvar 17. mai.

I samband med ein artikkel (truleg) i Sunnmørsposten laga fotografen ei samanstilling av bilete av båten og alle dei 9 som omkom. Fleire av portretta som var nytta var tatt i atelieret på Berge litt tidlegare. Yngstemann, Åsmund Moltu, tok sitt bilete i juni 1942. Truleg for å nytte det til legitimasjonspapir som han måtte ha for å vere med båten til faren.

Bautasteinen ved Indre Herøy Kyrkje vert avduka 18. juli 1948.

 
Next
Next

På vegen forbi