Om oss
Magnar Hjertenæs er barnebarnet til fotograf Andreas A. Berge. Han vaks opp i Herøy, på eigedomen der bestefaren hadde atelieret sitt. Biletet syner et kaffiselskap i hagen på Berge sommaren 1933.
Frå venstre: Alfhild (1926), Mathilde, Marie Nikoline (1923) og Nikoline (1929), mor til Magnar.
Hjertenæs Bok og Bilete AS har som formål å:
Verne
Ta vare på og forvalte samlinga etter fotograf Andreas A. Berge
Gjennom sine nesten 50 år som fotograf tok fotografen nær 22 000 bilete. Omlag 9000 av desse bileta eksisterer framleis, i form av negative glasplater i familien si eige. Bileta er no digitaliserte og registrerte i ein database.
Formidle
Drive fagleg formidling med utgangspunkt i samlinga
Samlinga etter fotograf Andreas A. Berge er ein kulturskatt for folket i Herøy. Med bilete av båtar, fiskeri og næringsutvikling, og av kystfolk i alle livets fasar. Målet er å kunne formidle historier om dette kvardagslivet, og gjennom bøker og foredrag gjere bileta tilgjengelege for alle.