Galleriet
I 1905 lånte Andreas Berge (1886 - 1960) pengar til å kjøpe kamera. To år seinare bygde han atelieret på Berge, og han var aktiv fotograf fram til ut på 1950-talet. Gjennom bileta sine dokumenterte fotografen kvardagslivet i Herøy kommune på Sunnmøre gjennom ein periode med rivande utvikling. Bilete over er av bryllaupsfylgjet til Andreas og Mathilde 4. september i 1922. Til venstre på bilete ser du atelieret på Berge.