På vegen forbi

 
 

Bygdevegen frå Flusund og vestover på Bergsøya gjekk rett forbi atelieret til fotograf A. Berge. Denne plasseringa gjorde at alle som skulle til Eggesbøneset, eller vidare til Fosnavågen, passerte langs hagegjerdet og atelieret. Her kom også vegen frå Elsebø inn på bygdevegen, og danna dermed eit lite vegkryss nedanfor trappa til atelieret.

Tekst: Magnar Hjertenæs | Foto: Andreas A. Berge

Eit lite pusterom og ein prat — i ein elles travel kvardag

Alt ein veit om fotograf A. Berge tyder at han gjennom heile sitt liv var ein sosial og livleg kar som lett kom i prat med alle desse han møtte gjennom arbeidet som fotograf. Mykje tyder difor på at atelieret heilt frå starten vart ein stad der mange sambygdingar stakk innom, for å slå av ein prat eller ta eit lite stopp. I starten var folk kanskje nyfikne eller interesserte i denne aktiviteten som fotografen stod for, eller kanskje ønskte dei seg berre eit lite pusterom og ein prat i ein elles travel kvardag.

Møtestad for sambygdingar

Av materialet som eksisterer i dag, og ut frå det som er fortalt, er det mykje som syner at atelieret fungerte som ein ganske vanleg møtestad for sambygdingar og bygdefolk. I starten, før fotografen gifta seg i 1922, var det særleg mange av ungdomane i bygda som kom innom. Ofte i selskap med fotografen sine nieser.

Etter kvart finn ein bilete av personar frå dei fleste gardane og bruka på austre delen av Bergsøya. Både bilete som syner at dei med jamne mellomrom har tatt portrett eller familiebilete, men også ein god del bilete som ikkje står registrert i bøkene, og der personane ikkje har tatt på seg verken søndagsdress eller finkjole. Mellom desse bileta er det ei overvekt av bilete av familie, naboar og andre som ein veit var kjenningar av fotografen. Mest truleg har dei vore innom for ein prat, og så har det resultert i eit bilete.

Stoppa på på vegen forbi

I samlinga finn ein og mange bilete av personar som er fotografert utanfor atelieret og som ser ut som om dei berre har stoppa på veg til andre gjeremål. Frå tidlege år i fotoverksemda er dette personar som har kome gåande, syklande, ridande til hest eller køyrande med kjerre. Nokre få har kome forbi på spark, med barnevogn, kjelken sin eller køyrande med slede.

Frå dei seinare åra har folk også kome på motorsykkel eller med bil. Ei overvekt av desse bileta er ikkje registrerte i platebøkene, og difor ikkje vore tatt som eit ordinært oppdrag. Likevel finst det unntak som syner at fotograf A. Berge har hatt forretningsteft, og har fått sine fotoobjekt til å kjøpe bileta, sjølv om dei ikkje har vore på eit planlagt besøk hjå fotografen.

Samlinga etter fotograf A. Berge syner ein fotograf som var svært aktiv rundt om i lokalsamfunnet med kameraet sitt, og som ikkje let ein dårleg fot hindre han i oppsøke stadar og hendingar rundt om i kommunen. Men denne delen av samlinga syner også ein fotograf som var sosial og omgjengeleg, med stor familie, mange vener og kjenningar, og som gjennom heile sitt yrkesaktive liv difor hadde stor sosial aktivitet i og rundt atelieret på Berge.

Doktor Gangnæs fekk i 1931 løyve til å skaffe seg motorsykkel, og denne vart flittig brukt både av Gangnæs sjølv og av andre som var lege i Herøy. På bilete ser ein Sigrid og Inge Henaug. Henauug var assistentlege i Herøy 1940 -1941.

 
Previous
Previous

Forliset: Havbryn M-48-HØ