Sølv frå havet
Fiske etter sild tok seg opp i åra rundt 1950, og sjøen kunne koke når nøtene lukka seg. Båtane kom til Sunnmøre frå store delar av kysten, og på store og gode kast måtte gjerne fleire båtar hjelpe kvarandre.
To av båtane som tok del i dette kastet kom ikkje frå Herøy. Den eine båten er Islændigen, M 17 HD, frå Hareid. Rundt 1950 var det Johan E. Hareide som stod som eigar, men Sverre Bendal var ofte skipper på båten. Han sonen til fotografen sitt søskenbarn, Paul J. Bendal. Den andre båten er Risøy, N 300 VA, heimehøyrande i Risøyhamn i Vesterålen.