Skyss til Shetland

TIL SHETLAND MED SOLDATAR

I mai 1940 var det ein del britiske soldatar frå kampane på austlandet som kom til vestkysten av Norge, med von om å finne seg båtskyss over til England. Lokale fiskebåtar var eit godt alternativ, og frå mange av kystkommunane gjekk det snart båtar vestover. Saman med dei britiske og norske soldatar reiste også ein del norske ungdomar som ville ut i teneste.

Felles for dei fleste av desse båtane var at mannskapet hadde tenkt å returnere til Norge. Men slik vart det ikkje. Dei britiske styresmaktene ville ikkje la båtane returnere, og mannskapa vart verande ute til etter krigen.

Sjøgutten (M 44 HØ) — april 1928

Dette vart første båten frå Herøy som reiste vestover, 6. mai 1940. Eigar og skipper var Peder G. Remøy. I fylgje dottera Arnhild, kjende Peder på ei plikt i høve til å hjelpe soldatane over til England, og gjekk difor med på å skysse dei vestover.

Som mannskap fekk Peder med seg Arnold Remø og Sigfred Remø. Turen skulle ta ei vekes tid, men dei vart internerte og måtte vere ute gjennom heile krigen. Heime venta kona saman med 6 born i alderen 7 månadar til 12 år, men det gjekk eit år før det kom livsteikn.

Mellom soldatane som skulle vestover var kaptein Bjarne Øen og hans stab. Han var utnemnt til midlertidig sjef for Hærens Flyvåpen og hadde fått ordre om å dra til England for å skaffe fly til kampane i Nord-Norge. Øen var den som stod for oppbygginga av det norske flyvåpen i utlandet og var første sjef på Flyvåpenenes trenigsleir i Canada.

Sandvikhorn (M 181 HØ) på Holmefjorden i februar 1927

7. mai 1940 var Johan Vike eigar og skipper på båten. Dei tok om bord ei stor gruppe med britiske soldatar, ein tysk fange og 6 nordmenn som ville over til England. Som mannskap fekk Johan med 2 ungdommar frå Fosnavåg, Olav Knutsen og Sigmund Stenersen. Båten reiste over i fylgje med Vestern (M 234 HØ). Men i Baltasund på Unst vart båten rekvirert av britiske styresmakter. Johan, Olav og Sigmund melde seg til krigsteneste, medan Sandvikhorn vart sett inn i trafikk utanfor Nord-Irland. Båten forliste i januar 1944.

Vestern (M 234 HØ) utanfor innseilinga til Fosnavåg i mars 1937

Båten hadde tidlegare namnet Zeta (Seta), men vart omdøypt då Hans Feie kjøpte båten i 1935. Saman med Sandvikhorn reiste også Vestern vestover 7. mai 1940. Hans fekk med seg ungdommane  Olav Huldal og Jon Igesund som mannskap på turen. Dei tok om bord ei gruppe på 10-12 britiske soldatar og 7 nordmenn. Hans dreiv ei stund fiske med Vestern, men melde seg hausten 1941 til Den norske marinen. Han deltok både i skøytetrafikken på norgeskysten og seinare om bord på MTB-båtane. Jon gjekk inn i Den norske brigaden, medan Olav mønstra på handelsskip som gjekk i konvoifart.

Breisund (M 156 HØ) fotografert i februar 1929

Båten var eigd av Antoni K. Vike fram til den vart seld til Johs. Johansen i Ålesund i 1939. Den fekk ny registrering som M 33 A. 26. mai 1940 gjekk den frå Ålesund med 6 nordmenn og 5 britiske soldatar.  To dagar seinare forliste båten utanfor Haroldswick på Shetland. Både passasjerane og mannskapet vart redda, men båten gjekk tapt.