Med seglskute som rekvisitt

I atelieret til ein fotograf vil det alltid eksistere ei rekkje med ulike bakgrunnar, møblar og rekvisittar som vert nytta i samband med fotograferinga. Slik var det også i atelieret på Berge. Frå om lag 1915 var ein modell av ei seglskute svært populær mellom gutar og mannlege ungdommar. Modellen er så langt ikkje observert på familiebilete eller på bilete med jenter.

Bilete er frå juli 1918 og registrert i plateboka med «Glesen, barn». Ein går difor ut frå at dette er eit bilete av Truls Glesne, sonen til distriktslege Ole Glesne og kona Astrid Hørven. Truls var født i april 1916.

Bilete er frå august 1919 og registrert på Olaus Kopperstad. Guten på bilete er Otto Olausson Kopperstad, født i mai 1917. Foreldra var Olaus Ottoson Kopperstad og Johanne Olaidotter Nygjerde.

Guten på bilete er mest truleg Halvdan Georg Foldal Notø, født 10. oktober 1917. Faren var smeden Knut Guttormsen Foldal frå Ørsta. Gifta seg i 1916 med Kristine Gerhardsdotter frå Simonplassen på Nautøya. Der bygde dei seg stove i 1916. Bilete er frå juli 1921.

Bilete er registrert på Johannes Bostad i juli 1921. Guten er difor truleg Magne Erling Bostad, født nyttårsdag i 1919. Foreldra var Johannes Jakobsen Bostad og Karoline Eilertsdotter Nautøy. I motsetning til seglskuta på dei andre bileta, har Magne Erling tydelegvis hatt med si eiga skute.

På dette bilete frå mars 1918 står Ole Feie saman med skuta i atelieret. Ole var født i juni 1904 og er 13 år på bilete. I vaksen alder vart han sjømann, og hadde m.a. hyre på båtane til Gustav Evanger.

I januar 1927 var han ombord i Evanger sitt dampskip Sandra. Skipet reiste truleg med sild eller sildemjøl frå anlegget på Eggesbønes ein av første dagane i januar, med kurs for Frankrike.

Medan skipet var i hamn i Boulogne, 24. januar 1927, fall Ole overbord og drukna. Han vart berre 22 år gammal.

Han vart frakta heim med Sandra, og gravlagt i Herøy 2. februar 1927.

To gode vener har møtt opp i atelieret.

Til høgre står John Bernhard Sveinson Eggesbø og til venstre Kåre Gustavson Evanger. Dei var begge fødde i 1911 og er 8 år gamle på dette bilete frå april 1919.

John Bernhard tok seinare over forretningsverksemdene etter faren, gifta seg med Nanna Johansdotter Eiksund, og vart ei drivande kraft i utviklinga av Eggesbønes.

Kåre Evanger vart i ung alder smitta av tuberkulose og døydde alt i 1929.

Bilete frå mars 1918 av Johan (Petterson) Blankholm, født i juli 1903. Johan utdanna seg seinare til malarmeister, flytta til Ørsta og gifta seg med Paula Vatne i 1936. Dei vart buande i Ørsta.

Det er noko usikkert kven som er på dette bilete frå oktober 1916. I plateboka står det oppført på Johan Ottesen (eller Otterson) Rundø (eller Runde). Mest truleg er dette Johan Petterson, født 17. juli 1898. Foreldra til Johan var Petter Ottarson Runde og Josefine Johansdotter Remøy. Petter døde alt i 1909. Det er mogleg at Johan ei tid brukte same etternamn som faren, altså «Ottarson Runde». Men som sagt er ein litt usikker på identiteten til mannen på bilete.

Tre karar kom innom atelieret i oktober 1916. Bilete er registrert på «Theodor K. Fosnavåg».

Til venstre står Theodor Carlsen (1901). Bakerst er Petter Elias Pettersen (1902) og til høgre står Johannes Andreasson Fosnavåg (1899).

Gutane var søskenborn, med fedrene Karl, Petter og Andreas Fosnavåg, sønene til han som vart kalla “Knut i Våja” (Fosnavåg Øvre bnr. 1).

(Takk til Britt-Unni Sporsheim for informasjon).

Om lag samstundes med dei tre karane på bilete ovanfor, var også denne gjengen i atelieret for å ta bilete. Dette bilete er registrert på Nils N. Myklebust i oktober 1916. Dette var Nils Frans Nilsen Myklebust (bnr. 6, Myrhol).

På bilete står bak frå venstre Joakim Vågsholm (1893), Lars Jakobsen Bostad (1895), Nils N. Myklebust (1897) og Jakob Vågsholm (1895). Framme sit frå venstre Johannes Jakobsen Bostad (1892) og Petter Tobiasson Myklebust (1890).

Johannes er far til guten som hadde med seg eigen båt til atelieret (jf. bilete ovanfor i denne serien).

(Takk til Britt-Unni Sporsheim for informasjon).