Med namn etter stjerner

I tida frå 1900 til 1915 vart det sett i drift minst 5 båtar i austre delen av Bergsøya og Nærøya som fekk namn etter stjerner eller planetar.

Venus (M 42 HØ)

På sommarfiske i Storfjorden i juni 1933. Nils Sævik var skipper og ein av fleire eigarar av båten. Den vart nytta til sildefiske og torskefiske med garn, og seinare til snurpenotfiske.

Mars (M 19 HØ)

Fotografert på Holmefjorden i mars 1940. I januar 1941 tok Gunnvald Bergsnes, Ivar Lund Brekke, Mindor K. Berge og August Nærø båten over til Shetland. Båten vart ei tid nytta av Shetlandsgjengen og seinare av britiske SIS frå Peterhead i Skottland. Vart senka av eit tysk fly i april 1942.

Zeta (M 234 HØ)

Ved kai i Sævikane i mars 1926. Bilete er truleg tatt etter at Hans N. og Petter N. Sævik kjøpte båten av Abel og Ole Nærø. Seinare vart båten kjøpt av Hans Feie og fekk namnet «Vestern». Den gjekk over til Shetland med britiske soldatar i mai 1940, vart etter noko tid tatt over av den britiske marinen, og forliste seinare.

Neptun (M 28 HØ)

På veg ut Leinevika i februar 1928. Johannes A. Berge står i døra, og elles frå baugen og bakover ser ein Petter G. Berge, Hans O. Hansen, Hans Robert Hansen, Hans H. Hansen, ukjend, Petter J. Berge, Andreas J. Berge og Johannes J. Berge.

Merkur (M 200HØ)

På veg inn til kai i Fosnavåg i mars 1936. Fotografen sin bror, Gabriel A. Berge, var skipper og medeigar i båten. I mars 1941 tok ungdomar frå Herøy og Ulstein båten over Nordsjøen. Den var under krigen stasjonert på Island. Kom attende til Herøy i 1945.