Kapring på ope hav

Ei litt spesiell episode skjedde siste dagane i juli 1943. Tre båtar frå Nerlandsøya låg ute på fiskefeltet og fiska då det dukka opp nokre norske MT-båtar.

Den eine av fiskebåtane, «Storegg», hadde radiosendar og dette gjorde det vanskeleg for mannskapa på MT-båtane å berre dra vidare. Etter noko diskusjon vart resultatet at dei tre fiskebåtane vart tatt med over til Shetland.

Saman med båtane var det 14 menn frå Nerlandsøya, 2 frå Flåvær og ein frå Frøya som reiste. På Shetland vart mannskapa rekruttert til Den norske marinen og dei gjorde teneste der resten av krigen.

Delfin (M 120 HØ)

Ved kai ein gong heilt på slutten av 1920-talet. Mannskapet i juli 1943 var Terje Teige (skipper), Kåre Teige, Bernhard Teige, Karl A. Teige, Gustav Warholm og Rasmus Warholm.

Storegg (M 149 HØ)

Båten ligg ankra opp heime ved Nerlandsøya i august 1941.

På turen i juli 1943 var mannskapet om bord brødrene Ole, Rolf og Steinar Kvalsund med storebror Mads Kvalsund som skipper. I tillegg var Jorg Flatval frå Frøya med.

Lun I (M 38 HØ)

Båten ligg ved Nerlandsøya i august 1941.

I juli 1943 var Konrad Teige skipper og mannskapet på turen elles var Sigurd Kvalsund, Kornelius Kvalsund, Joakim Kvalsvik, Kåre Jan Kvalsvik og Kåre Ostnes.

Motortorpedobåtar

Nokre av dei som hadde vore ute i krigsåra kom attende til Herøy 15. mai 1945, då ein flotilje på fem MT-båtar la til kai i Fosnavågen.