Hestar til nytte og glede

To ukjente karar med hest, ca. 1910. Dei ser ut som brør, eller kanskje også tvillingar.

Erik Evanger utanfor atelieret i juni 1916. Han gifta seg i 1914 med Berte Knutsdotter Waage frå Straumen. 

To ukjente karar med hest og kjerre på vegen utanfor atelieret.

Bilete er truleg tatt i 1917.

Erik E. Evanger med hest og slede.

Bilete er truleg tatt om lag 1920.

To gode vener, truleg ein søndag i 1920-åra. Men person, stad og tidspunkt er ukjent.

Hestar på Berge Nedre under krigen. Frå venstre står Olav, Paul og Konrad Berge.