Glasplater og platebøker

Glasplater i storleik 16 x 12 cm.

Andreas A. Berge var ein aktiv og produktiv fotograf. Samla tok han nærmare 22.000 bilete i løpet av si karriere. I all hovudsak vart alle desse bileta tatt på glasplater. Dei eldste på store plater (24x16 cm), seinare vart ein god del tatt på halvplater (16x12 cm), medan hovudtyngda finst i form av delte halvplater (8x12 cm).

Platene vart oppbevarde i plateeskene dei vart kjøpt i, og lagra i atelieret. Glasplater krev mykje plass, og med åra må det ha vore eit spørsmål om lagerplass i atelieret. Samstundes er glasplater, og særleg glasplatene frå dei tidlegaste åra, svært skjøre, og dei må handsamast med stor forsiktigheit.

Andreas var også systematisk og nøyaktig i føringa av platebøker. Truleg heilt frå han bygde atelieret i 1908, førte han eit detaljert register over glasplater, bilete og sal. For kvart bilete han tok på oppdrag for nokon, er det registrert eit nummer på biletet, månad og år, namn på kjøpar og pris. Namnet på kjøpar er ikkje alltid ein som er med på bilete. For barnebilete er gjerne ein av foreldra, som oftast faren, ført opp.

I tillegg finst det for ein god del oppføringar og små kommentarar knytt til motivet. Bilete med grupper på 2 – 15 personar har gjerne angitt talet på personar som er med på bilete. Det står også gjerne angitt om det er ”kone, ”gut”, ”pike” eller ”born” på bilete der kjøparen sjølv ikkje er med. Bilete av båtane er hovudsakleg ført opp med registreringsnummer i tillegg til namnet på kjøpar, eller med namn på båten når registreringsnummeret manglar. For andre motiv kan det vere ført kommentarar som ”hus”, ”brudepar”, ”brudefylgje”, ”stående”, ”sittende” eller ”bryst”.

Tabell over oppføringane i platebøkene.

Fordelinga av bilete etter årstal.

Nummeret på biletet er rissa inn i sølvsida på glasplatene. Frå starten av var dette ei fortløpande nummerering som gjekk frå tidspunktet då A. Berge for alvor starta si verksemd (truleg frå 1908) og fram til 1928. Då hadde han passert over 9300 bilete, og brukt 3 platebøker (bok 1,2 og 3). I tillegg hadde han ei ekstra bok (bok 4) som delvis overlappar siste delen av denne perioden og den første tida i neste bok (bok 5).

I oktober 1928 starta det ei ny nummerering i ei ny platebok. Fram til og med desember 1943 (bok 5, 6, 7 og 8) startar han nummereringa på nytt i kvar av bøkene. Frå plateboka han tok i bruk i 1944 (bok 9), har han valt å føre både nummer og årstal på negativa, t.d. som ”235-44”. Den siste plateboka går frå 1945 og ut den yrkesaktive tida. I denne boka har han ei nummerering for 1945, men startar på ny nummerering i 1946 og i 1949. Samla sett er det gjort over 18.000 registreringar i dei 10 platebøkene, i perioden frå 1908 (?) til 1949. 

Eksempel på side i platebok frå april 1917. M.a. var både Petter Sivertstøl, Gustav Evanger sine born og fotografen si syster og svoger innom atelieret. Dette er bilete nr. 3726, 3729 og 3730.

Bilete 3726 — Petter Sivertstøl.

Det er Petter Olav Sivertstøl (til høgre) og truleg Håkon Johannesson Horvei.

Bilete 3729 – Evanger barn.

Borna til Gustav Evanger. Frå venstre Trygve (1909), Kåre (1911) og Elly (1908).

Bilete 3730 – Paulus Igesund.

Paulus Igesund var gift med systra til fotograf A. Berge, Marta Andreasdotter Berge.

Av dei om lag 9000 negativa som eksisterer i dag utgjer atelierbileta naturleg nok den største delen av samlinga, om lag 7000 glasplater. Dette er portrett, familiebilete, passbilete, barnebilete og bilete av mindre grupper av personar. Vidare har samlinga nærmare 600 bilete av båtar, der om lag 400 av desse er båtar frå Herøy. I tillegg kjem nokre hundre bilete som syner maritim aktivitet m.a. i Fosnavågen, på Eggesbøneset og på Mjølstadneset.

Bygging av båtar, levering av fisk, salting og turking av fisk, produksjon av tønner og andre gjeremål knytt til denne aktiviteten er festa til platene. Andre typar av verksemder har også vorte dokumenterte. Dette gjeld bilete av både gardsdrift, byggeaktivitet, transport og anna daglegliv i mellomkrigstida.

Samlinga har også mellom 400- 500 plater med geografiske bilete, frå hovudsakleg Herøy. Hovudtyngde av dette er bilete av grendene og gardstuna rundt om i kommunen. Bileta syner den enorme utviklinga frå 1905 til 1950. Særleg spennande er kanskje dei rundt 200 bileta av Fosnavåg sentrum. Ein del av dette er også bilete av gardar og tun, der ein god del, så langt, ikkje er identifisert.

Sist, men ikkje minst inneheld samlinga også mange gruppebilete av skuleklasser, sykurs, navigasjonskurs, foreiningar, konfirmantar, kommunestyre og andre grupper som har vore samla i Herøy.

Eit litt mindre typisk atelier-bilete. Akrobatikk i atelieret med søskenbarna Olav Johan Hestholm og Mads Edvardsen Kleiven. Juni 1945.