Gamle gardar og hus (I)
Fotograf Andreas A. Berge reiste ein del rundt i Herøy og tok bilete av gardstun, stover og hus.
Av og til ville gardsfolket også vere med på bilete, og stilte seg opp framom huset eller stova. Så langt det har vore mogleg å identifisere deltakarane på bileta er dette gjort, men nokre namn manglar vi.
Viss nokon kjenner igjen personar på bileta som ikkje er namngitt, er vi svært glade for å få informasjon om dette. Bruk gjerne meldingsløysinga her på nettsidene. Du finn dette under “Om oss”.
Stova og familien til Sæmund og Josefine Kvalsund våren 1912. Frå venstre Astrid (1906), Josefine med Johanne Lovise (1912) på armen, Sverre (1910), Sæmund, Ole Ragnvald (1908), Mads (1903) og Johannes (1904).
Bilete kan vere tatt i samband med dåpen til Johanne Lovise, 5. mai 1912.
Gardstunet i Bendalen (Berge nedre bnr. 7) rundt 1920. Johannes Paulson Berge rydda dette bruket og fekk skøyte på det i 1879. Stova han bygde er truleg den som står mellom trea til venstre. Ved folketeljinga i 1910 bur Johannes på bruket saman med kona Anna Andersdatter, og 3 av hennar born frå første ekteskap (Rasmus Iversen Reite). Huset på midten er mest truleg bygd av sonen Paul Johannesson Bendal rundt 1900. I fylgje den gamle panteboka hadde han hand om ein parsell kalla «Hagen» (Berge nedre bnr. 15), og budde der i 1910. Han bur saman med kona Synnøve Olsdatter og 6 born.
Bilete er registrert på Bjarne Rabben i april 1927.
Dette er truleg stova som fosterfaren Petter Pederson Leinebø (Rabben) sette opp som kårstove i 1912, og som Bjarne Rabben tok over i 1927.
Gardstunet og familien til Mads Madsson Steinsvik i juli 1927. Til venstre står Mads og kona Inga Karlsdatter Klungsøyr. Dei tre til høgre kan vere nokre av borna, Gerhard (1909), Oline (1910), Hariet (1912) eller Magda (1915). Borna er ukjent.
(vi er usikre både på dateringa, og identifiseringa av personar på dette bilete)
Bilete er registrert på Fredny Berge i juli 1931, og viser stova på Vest-Verket (Berge nedre, bnr. 14). Sevrine Nilsdatter Berge, enkja etter smeden Frans Rasmusson Myklebusthaug, flytta ei stove frå Berge (bnr. 9) til dette stykket i 1900. Ho budde her saman med borna Olav Matias (1981) og Fredny Selma (1894). Olav utvandra til Amerika i 1910, medan Fredny gifta seg i 1932 med Hagbart Pederson Vidnes frå Vanylven. Dei fekk skøyte på eigedomen i 1941, etter at Sevrine døde i 1939.
Kristian Østensen Goksøyr sitt hus i august 1934. Kristian gifta seg i 1920 med Magda Antonidatter Runde i 1920 og dei bygde huset i 1924. Til høgre er gamlestova og løda på garden som morfaren, Jon Arneson Bratteberg, bygde rundt 1875.
Både morfaren og faren, Øystein Kristianson Herdla, omkom på havet i losteneste.
Huset og familien til Olav Knutson Remøy og Petra Andreasdatter Sævik i juli 1941. Borna er Kjell Per (1936), Arna (1938) og Andreas (1941).
Huset til Johan Gustavsson og Marie Josefsdatter Kvalsvik i september 1944. Løda var bygd i 1943. I 1949 sette dei opp nytt hus.
Bilete er registrert med «Hans P. Leine, hus» i juli 1946. Det er difor truleg Hans Pettersen Leine og kona Anna Regine Martinusdatter Bø som har samla barn, barneborn og andre slektningar i høve eit jubileum eller ei markering.
Til venstre står sonen Peder Joakim Leine, mest truleg med dottera Oddbjørg (f. 1944) på arma. I tillegg er sikkert både kona Olga Rakel Sætremyr og borna Anny Johanne (f. 1937), Ragnar (f. 1938), Hans Petter (f. 1940) og Irene (f. 1942) med på bilete.
Blant personane til høgre er truleg Marie Hansdatter Leine og ektemannen Olav G. Leine, samt borna Arna (f. 1927), Anne Berte (f. 1930) og Gerhard (f. 1932). Mest truleg er også Martinus Ragnvald Hansson Leine og kona Kjellaug Nancy Hide med på bilete.
(vi er noko usikre på identifiseringa av personar på dette bilete)
Huset og familien til Oluf Odinsson Moltu og Anna Borghild Torsteinsdotter Slettebakk i september 1949.
Anna har Reidun (f. 1949) på arma medan Oluf held Vigdis (f. 1947). Dei andre er frå venstre Bodil (f. 1945), Torgun (f. 1940), Onar Ståle (f. 1943) og Liv Torny (f. 1941). Huset bygde Oluf og Anna i 1940.
Bilete er registrert på «Olga Tarberg, hus» i september 1949.
Ein reknar med at det er snakk om Olga Eliasdotter Hide som i 1914 gifta seg med Kristoffer Olai Pederson Tarberg. Dei bygde seg hus i på bruket i 1915, og hadde fire born som vaks opp i huset.
Kristoffer døde alt i 1934, men Olga budde på Tarberg til ho døde i 1951.