Fyrvesenet

Fyr langs kysten av Herøy.

Svinøy fyr – sommaren 1910

På trappa til fyret står Simon Nicolai Singdahlsen som var første fyrvaktaren på Svinøya, og var stasjonert der med familien frå fyret vart tent 1. septmber i 1905 til 1913.

Simon var født 14. juli i 1856 i Nøtterøy og var eldste guten i ein etter kvart stor barneflokk. Foreldra var frå Laurvig (Larvik) og faren, Johan Ingvald, jobba som handelsbetjent. Rundt 1860 flytta heile familien til Steinkjer og budde der nokre år før dei rundt 1865 flytta til Bergen. I Bergen fekk Johan seg jobb innan bryggeribransjen, og alt i 1872 vert han omtalt som Ølbryggermester.

Simon Nicolai vart sjømann, styrmann og seinare skipper. I 1886 giftar han seg med Karen Malene Eimstad frå Bergen. I perioden frå 1887 til 1898 får dei saman 8 born som lever opp, alle døypt i Sandviken prestegjeld. I tillegg får dei ein gut i 1900, men han døyr kort etter fødselen. Frå 1888 vert Simon i kyrkjebøkene omtalt som handelsmann, medan han i folketeljinga i 1900 står oppført som dampskipsførar.

Simon og Karen vert det første fyrvaktarparet på Svinøya, og flyttar dit saman med dei to yngste borna, medan resten av familien vert attende i Bergen. På bilete står Frithjof (født 1896) og Sigri (født 1898) om lag midt på bilete.

Til høgre står Ole Olsen Formo (alt. Furnes). Han var fyrvaktarassistent og budde på Svinøya saman med kona Emilie Kristine f. Eriksen. Ole var truleg frå Skiaker i Skjåk, medan Emilie var frå Ålesund. Dei gifta seg i Ålesund Kirke i 1881, og fekk etter kvart ein stor barneflokk som vaks opp i Ålesund. Ole arbeidde i desse åra som sjømann og dampskipførar. Dei flytta truleg til Svinøya samstundes med opninga der i 1905. Ingen av borna budde fast på fyret.

I tillegg var der ein andre-assistent på Svinøya. I 1910 var dette Jonas Petterson Teige. Han var frå Teige, men vaks opp hjå onkelen Karl Petterson Teige på Runde. Jonas gifta seg i juni 1910 med Anna Hansdotter Goksøyr, og i folketeljinga 1910 (desember) er også ho heimehøyrande på Svinøya. Jonas og Anna budde berre nokre få år på Svinøya, men fekk to gutar i løpet av denne tida. Frå 1913 – 1918 var dei på Nord-Vågsøy fyr, før Jonas vart fyrvaktar på Haugsholmen. Dei fekk ytterlegare 4 born, 3 født i Selje og eit i Sande. Jonas og Anna flytta attende til Runde i 1945 då han slutta som fyrvaktar. På bilete er det truleg Jonas som står nærmast trappa.

Runde fyr – før 1935

Tidfesting er av dette bilete er usikker, men det er mest truleg tatt ein gong i løpet av 1920-talet. Til venstre ser ein restane av det gamle tårnet frå 1826 med ei jernlykt med kullbluss. I 1858 vart støypejernstårnet vi ser på bilete sett opp ytst på Kvalneset. Det gamle tårnet med jernlykt vart fjerna i 1935 for å gje plass til eit nytt fyr.

Grasøya fyr – om lag 1920

Bilete av Grasøya fyr er heller ikkje tidfesta, og det har ikkje vore mogleg så langt å identifisere personane på bilete. Etter klesdrakt og anna må bilete vere tatt rundt 1910 – 1920. I denne perioden var det fleire midlertidige fyrvaktarar på Grasøya fyr, så det er truleg ei av desse familiane som er på bilete. På bilete ser ein fyret slik det såg ut før reperasjonane som måtte gjerast etter at fyret vart angrepet av fly seint på våren 1945.

Familien på Flåvær fyr

Moldensaren Alfred Muldskreddal var fyrvaktar på Flåvær frå 1917. Han var gift med Anna Johansdatter Kvam frå Bolsøya. Dei budde på Flåvær heilt fram til Alfred slutta som fyrvaktar i 1947. Dei hadde to born, Martha født i 1908 og Johan født 1910. Bilete er tatt i august 1944.