Fotograf Andreas A. Berge (1886 – 1960)

Andreas A. Berge vart født 2. mars i 1886, på garden Berge Nedre i Herøy kommune på Sunnmøre. Her voks han opp, starta fotoverksemda si, stifta familie og budde mest heile livet fram til han døydde 19. juni 1960.

Ei viktig hending i høve til Andreas sitt yrkesval, var at han i dei tider han byrja på skulen skada stygt eine foten. Foten vart ikkje god igjen, og han kunne difor ikkje verken satse på fisking eller gardsdrift som yrkesveg.

Andreas vart konfirmert 25. september 1901, og byrja i lære hjå Margit Hansine Siem i Straumen rundt årsskiftet. Margit Siem var dotter av Bjørn Siem som var styrar på handelsstasjonen i Straumen, og ho hadde sidan 1890-talet hatt ei fotoforretning i eit av lokala hans i Straumen. Her var det at den unge Andreas tok til som hjelpesmann og fekk si første innføring i prosessen med fotografering.

Seinare reiste han til Nordfjordeid. Der var han dei neste åra, i fleire periodar, i lære hjå fotograf Isak I. Hellebust. Han fekk ikkje løn, men arbeidde for kost og losji. Her lærte Andreas heile prosessen fram til ferdig montert bilete i passepartout og ramme.

Hausten 1905 kom Andreas attende til Herøy etter avslutta læretid hjå fotograf Hellebust. Med lånte pengar kjøpte han seg fotoapparat og nødvendig utstyr til produksjon av bilete. Det første bilete med eige apparat tok han 17. oktober 1905. Motivet var tunet på heimegarden på Berge.

Første bilete med eige apparat tatt 17. oktober 1905. Motivet er heimgarden på Berge, med stova og løda som bestefaren Johannes Jørgensen Røyra bygde rundt 1850. T.h. står huset til fotografen sin bror, Johannes A. Berge, bygd i 1898. I bakgrunnen ser ein husmannsplassen Svarthaugen, med røykstova til Johannes Elias Sevrinsson Berge. Dei to yngste jentene på vegen er niesene til fotografen, Nikoline (1899) og Margit (1901).

I ein samtale i samband med skrivinga av dei første Herøybøkene skal han ha sagt:

Eg hadde stort atelier; himmelen til tak og horisonten til vegger. Fyrste myrkeromet mitt var den gamle potetkjellaren.
— Andreas A. Berge

Fleire gongar er det fortalt at det ikkje var mykje pengar å tene som fotograf dei første åra etter at Andreas starta verksemda si. Fiskarar og småbrukarar gjekk ikkje til fotograf utan ein svært god grunn. Men når fiskarar og småbrukarar i starten ikkje ville kome til fotografen, fekk fotografen oppsøkje folket.

Andreas byrja difor å ta med seg apparatet rundt om i Herøy. Dels gjeld dette i samband med stemne eller forsamlingar som vart arrangert, men oftast berre på vanlege kvardagar. Han både tok seg fram til gode utsiktspostar og rodde ut på fjorden med fotoapparatet. Gjennom sine bilete dokumenterte Andreas kvardagslivet og den tidlege næringsutviklinga innan fiskeri, fiskeindustri og tidleg skipsbygging i Herøy.

Men sjølv om Andreas hadde desse interessene for fiskeri og folkeliv rundt om i bygdene, var nok hovudtyngda av arbeidet knytt til atelieret og dei ulike tradisjonelle oppgåvene for ein fotograf. Bryllaupsbilete, familiebilete, barnebilete, portrett og ymse gruppebilete utgjer hovudtyngda av det samla talet på bilete i samlinga. Mange frå Herøy la i si tid turen innom atelieret i finstasen, bryllaupskleda eller konfirmasjonsdressen.

Økonomisk sett var 1930-talet ikkje spesielt gunstig for ein fotograf. Når det er lite pengar å tene for folk flest, er ikkje ein tur til fotografen det ein prioriterer først. Likevel ser ein av platebøkene at verksemda stort sett held seg stabil og svakt aukande fram mot slutten av tiåret. I april 1940 bryt krigen ut. I starten ser dette ikkje ut til å ha innverka i særleg grad på verksemda, men utover hausten 1940 og vinteren 1941 ser ein klare tendensar. For det første vert det eit stort behov for passbilete som aukar aktiviteten i atelieret ganske mykje. Sjølv om det mot slutten av krigen vart vanskeleg å skaffe tekniske hjelpemiddel til fotograferinga, klarte Andreas å halde aktiviteten i gong fram til frigjeringa våren 1945.

Dei eldste sjølvportretta, truleg tatt i om lag 1908 då atelieret stod ferdig.

Dei første åra etter krigen hadde Andreas ein aktivitet om lag på same nivå som før krigen. Han var framleis stadig ute og tok bilete frå robåten eller tok seg opp på knausar og bakkar som gav god utsikt. Verksemda i atelieret var også om lag som tidlegare. Det vart nok likevel etter kvart tungt å ta seg rundt, med to stokkar, og helsa var ikkje lenger like god.

I løpet av 1948 trappa han gradvis ned fotoverksemda si, samstundes som fotograf Furmyr starta opp forretning og atelier i Fosnavågen. Andreas heldt likevel fram med å ta bilete i nokre år vidare, men då hovudsakleg det han sjølv hadde mest interesse for; båtar og fiskeri.

Sjølvportrett frå om lag 1920.

Sjølvportrett frå om lag 1946.