Ein heim på Berge

Bryllaupsfylgjet til Andreas og Mathilde, 4. september 1922.

Rundt 1920 vart Andreas kjent med Mathilde Ananiasdotter Rovde. Ho var søskenbarnet til Margit Steinsvik som gifta seg med Robert Hjelmeset. Ein gong i løpet av 1921 forlova Andreas og Mathilde seg, og året etter vart det bryllaup.

I kyrkjeboka for Herøy finn ein at det vart tillyst for dei i kyrkja 6. august og at dei gifta seg 4. september 1922. Bryllaupsfesten vart halden på Berge og samla mykje folk, både vaksne og born. Med i bryllaupet var brudgommen sine foreldre, brudgommen si syster og brør med ektefellar og born, bruda sine foreldre og sysken frå Rovde, naboar og andre slektningar frå Herøy.

Andreas hadde alt i 1918 fått skøyte frå broren Johannes på tomta med stova til faren og atelieret, og dei nygifte flytta inn i huset saman med brudgommen sine foreldre. I løpet av dei kommande åra fekk Andreas og Mathilde tre born. Marie Nikoline vart født sommaren 1923, Alfhild i september 1926 og Nikoline rett etter nyttår i 1929. Utan tvil var dette ei travel småbarnstid.

Både Andreas og Mathilde var midt i 30-åra ved giftemålet, og Andreas sine foreldre hadde begge passert 75 år. Naturleg nok vart det difor ikkje så mange år dei tre generasjonane budde saman i huset på Berge. Nikoline Jensdotter døde 1. april i 1927 og Andreas J. på dei unge sin bryllaupsdag 4. september i 1928. 

Etter at Mathilde flytta til Berge, ser det også ut til at det vart litt utvida gardsdrift til eige bruk. Sidan dei vonde beina til Andreas hemma han i slikt arbeid, var det nok Mathilde som hovudsakleg var ansvarleg for dette arbeidet, dei første åra med hjelp frå kårfolket og seinare med hjelp frå jentene.

Bryllaupsbilete av Andreas og Mathilde, 4. september 1922

Døtrene til Andreas og Mathilde. Frå venstre: Marie Nikoline (1923), Alfhild (1926) og Nikoline (1929). Bilete er frå 1932.

I samband med at Andreas var seksti år vart det laga ein reportasje som stod på trykk i Sunnmørsposten. Her vert også heimen og hagen omtalt.

Dei skipa saman ein uneleg heim på Berge. Hagen deira er eit lite vidunder for å vere her ute på kysten. Der finn ein plommor, eple, pærer, kirsebær, jordbær, forutan all slags vanleg hagebær. Siste året fekk dei 50 liter plommer. Og i alle klyfter lyser blomane. Alt er vyrdsla med age og kjærlege hender, så der skin hygge frå denne heimen på lang leid.
— Sunnmørsposten

Det vart planta både plommetre, epletre og ulike typar av bær. I tillegg planta Mathilde mykje blomar av ulikt slag. Dette førte til at hagen på Berge vart ein triveleg stad for både kvile og leik.

Døtrene leikar i hagen. Frå venstre: Nikoline (1929), Marie Nikoline (1923) og Alfhild (1926). Bilete er frå sommaren 1933.

Familiebilete frå 1945 (?). Frå venstre: Mathilde Rovde Berge, Alfhild Berge, Nikoline Berge, Marie Berge og Andreas A. Berge.

Eit uttrykk for at energien og pågangsmotet til Andreas heldt seg livet ut, er det faktum at han mot slutten av livet gjekk til innkjøp av ein liten motorsykkel med tre hjul og ei kasse bak. Denne gav han høve til framleis å ta seg rundt på Bergsøya, gjere ærend og treffe folk. Våren 1960 vart Andreas sjuk og han døydde heime 19. juni 1960. Mathilde levde vidare i huset på Berge til ho døydde 17. september 1971.

Mor til Mathilde, Marie Andreasdotter Rovde, er på besøk på Berge i 1947. Frå venstre: Nikoline Berge, Mathilde Rovde Berge, Andreas A. Berge, Marie A. Rovde, Alfhild Berge og Marie Berge.