Brudepar - gifte før 1916

Heilt frå atelieret var nybygd i 1908 var det vanleg at brudepar kom innom for å få tatt bryllaupsbilete.

Men sidan ein manglar den første plateboka til fotografen er det vanskeleg å identifisere både personane og tidspunkt eksakt. Ein antar at nummereringa i denne boka starta i 1908. Nokre av dei aktuelle bileta manglar platenummer, men kan plasserast i same tidsepoke på grunnlag av golvteppet i atelieret. Dette vart bytta ut sommaren 1916, og bileta må difor vere tatt tidlegare enn dette.

Viss nokon kjenner igjen personar på bileta er vi svært glade for å få informasjon om dette. Bruk gjerne meldingsløysinga her på nettsidene. Du finn dette under “Om oss”.

Bilete nr. 330 (i første platebok). Dette er regna som det eldste bilete av brudepar i samlinga. Tidspunktet for bilete er estimert til tidleg i 1909.

Bilete nr. 475, truleg tatt i april 1909.

Brudeparet Gabriel og Leonora Berge.

Dei gifta seg i mai 1909. Gabriel var bror til fotografen, medan bruda var dotter til Mons og Oline Eggesbø.  

Det første bilete tatt av ei brud utan brudgommen. Dette ser ikkje ut til å ha vore vanleg i Herøy på denne tida. Det er ikkje registrert andre slike bilete før ein god del seinare (1920-talet).

Bilete same tidsepoke. Tidfesta med utgangspunkt i teppet på golvet og sjeselongen i venstre kant av bilete.

Bilete utan nr. frå same tidsepoke med mørke brudekjolar.

Bilete nr. 2151. Mest truleg frå starten av 1915.

Bilete nr. 2779. Mest truleg tatt seint i 1915 eller i januar 1916. Dette er det første brudebilete der bruda har kvit brudekjole.

Dersom nokon kjenner igjen personane på desse brudebileta, ville det vere fint om informasjon vart sendt inn. Bruk gjerne meldingsskjema som du finn under knappen “Om oss”.