Barnevogner
Ei lita samling av bilete av barnevogner frå 1915 til 1947.
Barnevogn med ukjent baby, fotografert i atelieret i 1915.
Bilete er frå april 1930 og registrert på Jakob Voldsund. Dette er truleg Jakob Eliasson Voldsund (midten) som gifta seg med Ellen Andrea Notøy. Dei fekk sonen Thorvald i juli 1929. Mannen til venstre er truleg Nils Eilertsen (Notøy). Han var bror til Ellen Andrea.
Bilete frå mars 1936 registrert på Johannessen. Barnet er truleg Nilmar Johannessen født i november 1935. Foreldra var Berte Andersdotter Håskjold og Reidar Martin Johannesen.
Nanna Eggesbø ute på trilletur i mars 1945. Inge Johan (1944) sit i vogna og storebror Svein Ove står ved sida av.
Bilete frå april 1947 registrert på Olav Ryssevik. Han var gift med Jorunn Ingvarda Moltu, og dei fekk Åse Pauline i juli 1946.