Barn som sklir

Å ta bilete av små barn kan vere vanskeleg. Vi vil gjerne fange eit fint smil, ein spesiell augneblink eller eit morosamt uttrykk. Bilete som mange år seinare vil gje oss glede og gode kjensler.

Sjølv med teknologien vi har i dag som lar oss ta mange bilete i rask rekkefylgje, og med svært kort eksponeringstid, kan det vere krevjande å få gode bilete.

For 100 år sidan var dette svært vanskelege oppdrag. Å få små barn til å halde seg i ro, utan å skli ut av riktig posisjon, var ikkje enkelt verken for fotograf eller foreldre som skulle hjelpe til. Og resultatet kunne ein ikkje vere heilt sikker på før ein fekk framkalla bilete.

I denne serien har eg samla nokre morosame eksempel som illustrer litt av vanskane med å fotografere små born, nokre mindre vellukka bilete og nokre bilete som måtte gjennom ein god del retusjering før papirbileta kunne gå til den aktuelle kunden.

Søstrene Stenersen

Frå venstre står Tommasine (1908), Getanne (1910), Judith (1913), Penny (1915) og Margit (1917). Foreldra var Jakob og Selma Stenersen.

På bilete, tatt juni 1918, er Margit berre 16 månadar og ikkje spesielt interessert i å vere heilt i ro.

Tvillingar på skrå

Bileta frå juni 1920 viser Eva og Ruth Glesne. Dei var født 3. juli 1919. Foreldra var Ole Glesne og Astrid Glesne Hørven. Ole var distriktslege i Herøy og dei budde på Eggesbønes.

Kanskje vart det litt lenge å vente på at fotografen vart klar til å ta bilete!

Med pute i ryggen og skinn på sete.

Ein vanleg teknikk var å støtte barnet opp med puter, gjerne på eit sklisikkert underlag. Likevel kunne resultatet variere noko.

Bilete er tatt i mai 1919 og registrert på «Olea Yndestad Hjelmeseth». Ho var gift med Hans Yndestad som var bødkar. Olea og Hans bygde seg seinare hus på Eggesbønes.

På bilete er truleg Sverre som var født 16. februar, og døypt 20. april 1919. Han døde alt 6. desember 1919.

Spennande rekvisittar

Var barna litt eldre kunne det fungere å gi dei noko å leike med.

Ein ball eller eit leikedyr kunne vere spennande og gje barnet noko å konsentrere seg om fram til fotografen hadde fått gjort seg klar.

Bilete er frå januar 1936 og registrert på Sverre Mork. Mest truleg er dette Jarle, født i juni 1935.

Sjå også serie med bilete kalla “Med seglskute som rekvisitt”.

Storesøster hjelper til

Ein annan kjent teknikk var å få eldre søsken til å støtte opp eller vere saman med den minste på bilete.

Til venstre er eit bilete frå juli 1933, registrert på Sverre Torvik barn. Dette er difor truleg Arna født i november 1929 og systra Asbjørg født i desember 1932.

Til høgre er døtrene til Martinus og Magda Berge i mai 1945. Oleif Pauline var født i juni 1942 og Rigmor i mars 1945.

Søskenbarn treff

Eit bilete frå juni 1949.

Borna til venstre er Nikolai John (1943) og Inger Terese Nygjerde (mai 1948), borna til Olav og Ingeborg Johannesson Berge.

Til høgre sit Margit (1945) og Jorun (sept. 1948). Foreldra var Borgny Johansdotter og Andreas Johannesson Berge.

Skrikande tvillingar

Bilete er tatt i samband med dåpen til tvillingane Knut Sigmund og Kjetil Ove Reite våren 1945. Foreldra var Sigurd Korneliusson Reite og Ingrid K. Jensen.

Hjelparane er broren Inge Bjørn (født 1936) og søskenbarnet Olaug Johannesdotter Berge (født 1936).

Mamma passer alltid på

Bilete er frå juni 1920 og registrert på Peder Leine.

Dette er difor mest truleg borna til Peder Andreas Leine og Anne Sofie Johannesdotter Torvik.

I så fall er det Osvald Daniel (født 1914), Jon Fritjof (født 1916) og Palma Nikoline (født 1919) som er med på bilete.

Og fylgjeleg at det er Anna Sofie som passar på at Palma ikkje dett ned av stolen!

Retusjering i etterkant

I ein god del tilfelle var nok retusjering i etterkant einaste metoden som fungerte. Enten mor hadde ei utstrakt hand eller prøvde å gøyme seg bak barnet, hadde fotografen ein jobb å gjere i atelieret før bilete kunne produserast på papir og sendast til kunden.

Både den støttande handa og skikkelsen bakom er ukjent, men mistanken går i retning av dei respektive mødrene.

Else Maria Woldsund. Foreldra var Kaspara Myklebust og Alf Woldsund. Else var født i mai 1941.

Benny Hansine Hansen, født i januar 1945. Foreldra var Asbjørg Johnsen og Hans H. Hansen.